Categories
Mennesker Mindfulness Utvalgte artikler

Eg trekte pusten og eg visste at eg trekte pusten

Mange har etter kvart innsett at det å bare halde fram med å grava i fortida etter årsakene til vårt elende, ikkje alltid fører ein framover. Så har me byrja å sjå framover og setje oss mål, finne metodar og teknikkar som kan føre oss fram, føre oss dit me ønskjer å vera ein gong. For meg var ingen av desse strategiane løysinga når mi eiga verd raste saman rundt meg.

Då eg ein desemberettermiddag fekk den klåre og utvitydige beskjeden av fastlækjaren min, at eg hadde ein kreftsvulst og at han straks ville sende meg vidare til gransking og behandling, tok ei utruleg sterk uro bustad i kropp og sinn. Den venlege og forståande lækjaren spurte om eg ville gå ut på gangen, eller verta sitjande på kontoret hans medan han ringte til Universitetssjukehuset i Stavanger for å gjera dei naudsynte avtalane for meg. Eg valde å gå ut på gangen. Kjende trong til å vera for meg sjølv og tenkja gjennom det eg nett hadde høyrt.

På gangen klarte eg knapt å sitja stille på stolen som står utanfor dørene inn til laboratoriet. Der var ingen andre som venta der. Det var blitt seint, og folk hadde gått heim. Eg gjekk att og fram, og eit udefinerbart kaos av kjensler reiv og sleit i sjela. Og det eg skal seie nå, verkar ikkje truverdig. Eg kan sjå det. Og eg godtek all din tvil. Eg ville tvilt sjølv. Men saka var, at eg har vore så oppteken av døden, så medviten om at eg skal døy, heilt sidan eg var ein ung gut. Heilt sidan den gongen eg snakka så mykje om dette, at eg forstod at det skulle ein ikkje gjera. Folk vart provoserte. Folk vart irriterte. Eg braut god tone og folkeskikk. Så eg tidde. Eg snakka ikkje om døden. Men eg heldt fram med å tenkja, lesa, vera oppteken av døden som ein del av livet og menneska sitt vilkår. Heile tida. Av og til har eg tenkt på om eg hadde ein slags morbid fase, i og med at eg til dømes var oppteken av ei bok som var full av fotografi av døde menneske. Men eg trur ikkje det. Eg bare arbeidde med kjenslene, våga meg inn i angsten, stod i det ubehagelege. Og utan å vera fri for dødsangst, kjende eg denne desemberettermiddagen etter kvart meir og meir tydeleg, at det var ikkje først og fremst dette, den moglege utslettinga av meg sjølv, som skapte dei verste riene av urovekkjande kjensler. Det var tanken på dei næraste som eg snart, snart måtte dra heim til, og fortelja dette til. Min kjærast, mi hustru gjennom nær femogtjue år, og ikkje minst barna mine. Det var ein uuthaldeleg tanke. Fordi eg mest ikkje visste kva dette var, kva eg skulle seia, kva eg kunne seia.. Kanskje var jo dette noko det kunne ordnast fort opp i? Mogleg. Men visste alle om folk som etter denne diagnosen bare levde ei kort stund. Og eg måtte fortelja om diagnosen utan at me kunna vita kor saka stoid for min del. Det var uuthaldeleg. Eg var framleis sterkt uroleg inni meg då eg vart kalla inn att til lækjaren. Eg var oppjaga av uro medan han fortalde kva som skulle skje framover og når eg skulle møte på sjukehuset.

Eg var frå meg av uro der eg gjekk gjennom desemberlyset og nedover mot jernbanestasjonen. Opp den lange sementtrappa mot plattforma. Då eg kom opp på plattforma gjekk eg eit stykke forbi venteskuret, for å kunna vera aleine med mi uro. Eg stod der mellom grantrea på den eine sida og husa på Vigrestad på den andre sida av toglinja. I lyset frå ein gråkvit vinterhimmel. Eg trekte pusten og tenkte at nå får eg fokusera på augeblinken. På kva som er nett nå. Her. Eg pusta ut og kjende skuldrene senka seg. Eg trekte pusten igjen og eg visste at eg trekte pusten. Heilt fokusert på pusten som gjekk inn i lungene mine her og nå. Dette er meg. Det er dette eg veit. Eg slepte pusten rolegare ut. Og uroa vart borte. Brått var uro heilt borte! I løpet av få andedrag vart eg fylt av ei ro, ein tillit, ja eg kjende det som eg var fylt av lyset kring meg. Eg kjente; slik er det. Her står eg. Og slik som det er nå, slik er det. Det er det einaste eg veit. Og eg kan ingenting anna gjera enn å vera i det. Dette skal gå. Ei stor djup ro steig i meg. Ei lysare ro. Eg kom ikkje til gjera dette verre for nokon ved å vera slegen ut. Då eg innsåg dette, vart eg endå rolegare.

 


Helge Torvund, lyriker og psykologHelge Torvund (født 20. august 1951) er en norsk lyriker, forfatter og psykolog. Han har utgitt en lang rekke diktsamlinger, essay, barnebøker og gjendiktingar siden debuten i 1977. Helge Torvund er opptatt av livet her og nå, og om døden. Les mer om Helge på Wikipedia


 

Aktuelle linker

 

By Helge Torvund

Helge Torvund (født 20. august 1951) er en norsk lyriker, forfatter og psykolog. Han har utgitt en lang rekke diktsamlinger, essay, barnebøker og gjendiktingar siden debuten i 1977. Helge Torvund er opptatt av livet her og nå, og om døden.

One reply on “Eg trekte pusten og eg visste at eg trekte pusten”

Bli med i dialogen! Legg igjen din kommentar her.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.